Dersom du ønskjer brosjyrar tilsendt, kan du kontakte Helse- og sosialombodet i Oslo eller Pasient- og brukarombodet i ditt eige fylke. Brosjyrar blir sende vederlagsfritt. På denne sida finn du elektroniske brosjyrar på bokmål, nynorsk, samisk og engelsk. Telefonnummera i brosjyrane kan vere endra. Dei rette nummera finn du på sidene til pasient- og brukaromboda i fylka, sjå "Snarveg" øvst på sida.
Pasient- og brukarombodet skal arbeide for å ta hand om pasienten og brukaren sine behov, interesser og rettstryggleik overfor helsetjenesta og sosialtjenesta, og for å betre kvaliteten i tenestene.
Dersom du har opplevd noko i helse- og sosialtenesta som du ønskjer å ta opp, kan du ta kontakt med Pasient- og brukarombodet i fylket der du bur. Ombodet kan gi råd, rettleiing og informasjon om rettane dine som pasient, brukar eller pårørande. Pasient- og brukarombodet kan også hjelpe deg med å formulere og vidareformidle spørsmål eller klagar til den rette instansen.
