Pasient- og brukarombodet skal arbeide for å ta hand om pasienten og brukaren sine behov, interesser og rettstryggleik overfor helsetenesta og sosialtenesta, og for å betre kvaliteten i tenestene.
Dersom du har opplevd noko i helse- og sosialtenesta som du ønskjer å ta opp, kan du ta kontakt med Pasient- og brukarombodet i fylket der du bur. Ombodet kan gi råd, rettleiing og informasjon om rettane dine som pasient, brukar eller pårørande. Pasient- og brukarombodet kan også hjelpe deg med å formulere og vidareformidle spørsmål eller klagar til den rette instansen.
Det finst pasient- og brukarombod i alle fylke. Du finn kontaktinformasjon til kvar enkelt ved å klikke på lenkja for fylket ditt.
Du kan også velje fritt kva pasient- og brukarombod du vil bruke.
Ombodet kan hjelpe deg med å gjere ei vurdering av saka di og gi råd og rettleiing om kva du skal gjere vidare. Vi kan også hjelpe deg med å kontakte tenestene, skrive brev og formulere ei klage dersom det er nødvendig. Det er gratis å få hjelp av oss.
Brukarar av spesialisthelsetenesta, kommunehelsetenesta og sosialtenesta i kommunane kan kontakte ombodet for å få hjelp.